torsdag 22. oktober 2020
Leiar i Industri Energi, Frode Alfheim, uttrykker støtte til den uavhengige fagrørsla i Kviterussland. – Nå må norske styresmakter legge meir press på Kviterussland for at fengsla fagforeiningsleiarar, arbeidarar som demonstrer og andre som utøver retten til å ytre seg vert slepte fri. Me kan ikkje tolererer at arbeidstakarrettar og menneskerettar vert brotne på denne måten, seier han.
Den 9. august var det presidentval i Kviterussland og president Aleksandr Lukasjenko vart skulda for valfusk. Landet er nå inne i den tredje månaden med demonstrasjonar og politiske streikar mot presidenten, og demonstrantar og streikande arbeidarar vert stått hardt ned med vald, fengsel og tortur.
Gjennom heile sommaren har det vore motstand mot presidenten, så mykje at presidenten arresterte dei fremste opposisjonspolitikarane i god tid før valet. Tre sterke kvinner tok opp kampen: Svetlana Tikhanovskaja, Maria Kolesnikona og Veronika Tsepkalo. Trekløveren reiste over heile landet og presenterte tre enkle krav: politiske fangar må lauslatast, presidenten kan ikkje sitte på livstid og nyval.
Svetlana Tikhanovskaja var motkandidaten til den sittande presidenten. Det offisielle valresultatet viste at presidenten vant med omtrent 80 prosent av stemmene, medan Tikhanovskaja berre fekk 10 prosent. Det vart lagt fram prov på omfattande valfusk. Over heile landet braut det ut masseprotestar, som brutalt og valdeleg vart slått ned. Etter dagar med brutal behandling av demonstrantar, kom mengder av kvinner ut i gatene for å demonstrere. Kvinnene fekk demonstrere i fred i fleire veker, men sidan slutten av september har opprørspolitiet slått hardt ned på alle som demonstrerer.
Norsk fagrørsle reagerer
LO ser særs alvorleg på situasjonen i Kviterussland og har i ei fråsegn fordømt kviterussiske styresmakter og dei vilkårlege arrestasjonane av opposisjonelle, inkludert politiske aktivistar, tillitsvalde og journalistar.
Forbundsleiar i Industri Energi, Frode Alfheim, seier at det er imponerande at kviterussarane held fast ved fredelege protestar trass i styresmaktene sin bruk av vald.
– Tryggingsstyrkane sin bruk av vald mot demonstrasjonane er uakseptabel. Me fordømmer styresmaktene sin bruk av fengsling og torturt, og ber om at fengsla aktivistar vert slepte fri, seier Alfheim.
Industriarbeidarar vil ha endring
Industriarbeidarane har tradisjonelt støtta presidenten, men mange har fått nok. Arbeidarar ved Belaruskali, som er ein berebjelke i den kviterussiske økonomien og har Yara som kunde, har slutta seg til opprøret mot presidenten. Ved Belaruskali har det vore gå-sakte-aksjonar, einskildpersonar har lenkar seg fast til produksjonsutstyr i gruvene, sympatiaksjonar for streikande, og så vidare.
Belaruskali er sjølve kronjuvelen i den statlege industrien i Kviterussland. Selskapet er ein av verdens største produsenter av kali, ein viktig ingrediens i naturgjødsel.
Dei streikande står bak dei tre krava: politiske fangar må lauslatast, presidenten kan ikkje sitte på livstid og nyval. Styresmaktene har sett i verk massive kampanjar mot streikeleiarar og dei uavhengige fagforeiningane, i håp om å skremme arbeidarane.
Internasjonal sekretær i det uavhengige forbundet BITU, Lizaveta Merliak, har halde Industri Energi oppdatert om utviklinga i heimlandet. Ho vart sjølv arrestert 30. august for å ha delteke i protestmarsjane, men slapp ut frå fengsel etter ein solidaritetskampanje der 200 personar frå heile verda ringde til politistasjonen og spurte etter henne. Nå er ho uroa over streikekomitémedlemmar og fagforeiningsleiarar som er fengsla.
– I helga venta me på at kameratane våre i streikekomiteen ved Berlaruskali skulle kome ut av fengsel. Straffa var ferdig sona, men ingen kom heim. Dei hadde blitt overført til eit anna fengsel då dei nekta å stille opp i statskanalen og fortelje at dei angra på at dei har delteke i den politiske streiken. Dei må nå sitte nye 15 dagar i fengsel, seier ho.
I følgje Merliak, vert fangane flytta kvar gong dei får ein ny dom, og utsett for umenneskeleg behandling i fengsla.
Leiar i Industri Energi, Frode Alfheim, uttrykker støtte til den uavhengige fagrørsla i Kviterussland.
– Nå må norske styresmakter legge meir press på Kviterussland for at fengsla fagforeiningsleiarar, arbeidarar som demonstrer og andre som utøver retten til å ytre seg vert slepte fri. Me kan ikkje tolererer at arbeidstakarrettar og menneskerettar vert brotne på denne måten, seier han.