Søknadsfrist haustbrigade 5. mai

tirsdag 28. april 2015

I 2015 sender Latin-Amerikagruppene (LAG) to solidaritetsbrigadar til Brasil. Kvar brigade varer i eit år, der første semester inneber førebuing i Norge og opphald i Brasil og det siste informasjonsarbeid i Norge.

Kven kan søke

LAG søkjer deg som

  • er 35 år eller yngre
  • er engasjert
  • har eit ønskje om å lære og få kunnskap om sosiale rørsler i Latin-Amerika og deira kamp for ei betre framtid
  • ønskjer å få innblikk i måtar å organisere seg på
  • er inspirert til å arbeide som aktivist i Norge og kjempe for det du trur på
  • har eit ønskje om å bli kjent med nye menneske, både i Norge og Latin-Amerika.

Hugs søknadsfrist 5. mai

Som medlem i Industri Energi kan du søkje forbundet om stipend til å dekke eigendelen til LAG, reisepengar og eventuelle faste utgifter (t.d. til bustad) når du er i Brasil.

Les meir om brigaden her

Søknadsskjema

For meir informasjon kontakt internasjonal rådgjevar i Industri Energi Amalie på epost aht@industrienergi.prod.dekodes.no eller tlf. 91655236